Annonsørinnhold

Fleire og fleire menn i bunad:

Knappane held ikkje berre bunaden saman

Produsert av Schibsted Partnerstudio for Sylvsmidja

Font

Det er som om ryggen vert litt rakare når bunaden kjem på. Knappane blenkjer, søljene skin og smilet vil ingen ende ta. Endeleg er det også Nikolai (29) sin tur til å gå rundt som stolt berar av norsk kulturarv.

– Dette har eg venta lenge på, seier Nikolai Bøhm-Nilssen med glede i røysta.

I snart ti år har bergensaren sett fram til dagen då han for fyrste gong skal bruka sin eigen bunad.

Med 62 sølvknappar givne som gjennomtenkte gåver. Med heimestrikka sokkar og fargerike hoseband. Med sølja han brukte som barn i halsen og klokka han fekk til 29-årsdagen i lomma.

Ein bunad sydd med kjærleik. Eit plagg han kjem til å bera med stoltheit. I årevis.

– Mamma og mormor har jobba i så mange år for at eg skal få meg bunad før eg blir 30. Det er nesten uverkeleg at alt snart er klart.

Nikolai Bøhm-Nilssen,
snart mann i bunad

I BUNAD 17. MAI: Bunaden til Nikolai Bøhm-Nilssen er snart klar. Gjett om han gler seg! Foto: Schibsted Partnerstudio

Roser mor og mormor

– Eg må innrømma at eg til tider har vore litt usikker på kva sølv eg allereie har fått og kva eg har mangla, seier Nikolai ærleg, når han er innom Norsk Flid Husfliden i Bergen for å kikka på bunadskniv.

Men der Nikolai har mangla oversikt over talet på knappar som skal til, har mor Åse og mormor Astrid hatt full kontroll.

– Ja, det er dei to som skal ha all æra for at eg får meg bunad. Det er dei som har gjeve meg bunadstilbehøyr til bursdagar og jul i alle desse åra, seier den takksame bergensaren.

FLEIRE ULIKE KNIVAR: Det er ikkje lett å velja når det finst så mange flotte knivar, synest Nikolai. Peiker du på biletet får du sjå «Olakniven» frå Sylvsmidja på nært hald. Foto: Schibsted Partnerstudio

Målet er at Nikolai skal kunna byta ut dress med bunad på årets nasjonaldag. No gjenstår berre dei siste stinga på bunadsskjorta før alt er komplett.

– Mamma og mormor har jobba i så mange år for at eg skal få meg bunad før eg blir 30. Det er nesten uverkeleg at alt snart er klart, seier Nikolai og held lattermildt fram:

– Mormor gler seg om mogleg endå meir enn meg.

Det finst tre ulike overflater på lommeuret: palladium, sølvbelagt og sølv: Sveip for å sjå:

Det finst tre ulike overflater på lommeuret: palladium, sølvbelagt og sølv:

Palladium er eit sofistikert edelmetall som også vert brukt i kvitt gull og som ikkje oksiderer. Flott, tradisjonell dekor på overflata. Kvit urskive med romartal, dato og eigen sekundvisar.

Palladiumbelagt lommeur

GOD STEMNING: Dei siste åra har Norsk Flid Husfliden i Bergen sydd 40 herrebunadar i året, og dei har også eit par fanabunadar til konfirmant til utleige. Dagleg leiar Irene Tørhaug har mange gode råd å koma med til dei som ynskjer seg bunad. Du finn mykje flott sølv frå Sylvsmidja også hjå forhandlarar.  Foto: Schibsted Partnerstudio

Mange val å ta

Dei fleste vel bunad utifrå ein stad dei har ein viss tilknytning til, men dette er ikkje eit krav. For Nikolai sin del var valet enkelt: Han vaks opp i Bergen sør, og var aldri i tvil om at fanabunad var rett for han.

– Litt vanskelegare var det å velja kva sølv eg hadde lyst på, seier Nikolai.

Til mange herrebunader står ein nemleg fritt til å velja mellom forgylt, kvitt eller oksidert sølv. Det finst også flotte knappar av messing.

– Eg gjekk for myntknappar av oksidert sølv. Men dei er jo også utruleg fine desse blanke kløverknappane her, seier Nikolai, når han får auge på dei i butikken.

BLANKE KNAPPAR: Eit godt tips er å gjera som Nikolai: ynsk deg knappar til jul og bursdagar. Plutseleg har du komplett sett. Foto: Schibsted Partnerstudio

Både myntknappen  og kløverknappen er det Sylvsmidja på Voss som har laga.

Heilt sidan 1940 har den tradisjonsrike verksemda perfeksjonert handverket og vore med på å auka både kunnskap og lidenskap for bunadsølv.

Med sølvprodukt til dei fleste bunadar og folkedrakter er det mykje flott å velja mellom hjå Sylvsmidja.

– Eg trudde kniv var kniv, men det er det jo ikkje. Ynskjer eg ein liten eller ein stor? Graveringsfelt eller ikkje? Og kva slire vil eg ha, undrar Nikolai medan han studerer ein av knivane på nært hald.

– I tillegg ser eg at kvar enkelt kniv har sitt heilt unike særpreg, seier han.

OLAKNIVEN: – Utruleg stilig med rillene på toppen av knivbladet, kommmenterer Nikolai. Foto: Schibsted Partnerstudio

Sveip for å sjå det store utvalet av småsøljer

Klikk for å sjå det store utvalet av småsøljer

«Den perfekte dåpsgåva»

Ann Christin og Iris June laga mange skisser før dei landa det endelege resultatet.

– Det er ikkje til å tru kor mange måtar ein til dømes kan teikna eit hjarte for korkje å få det for rundt, for spist eller for smalt, utbryt Ann Christin og ler godt.

– Tilbakemeldingane frå dei som har fått sett dei nye søljene er overveldande. «Dette må jo vera den perfekte dåpsgåve», er det fleire som har sagt. Og eg er heilt einig: Desse søljene kan brukast heile livet, legg ho til med eit smil.

Sjå video frå verkstaden på Voss

Sveip for å sjå fleire bunadsknivar:

Sylsmidja lagar fleire ulike bunadsknivar:

Olakniven har handsmidd blad og er laminert med ein herda stålkjerne i midten. Skaftet er laga av masurbjørk, som med sitt særpreg, gir kniven eit unikt utsjånad. Slira er handsydd og det er akantusholkar i sølv på både skaft og slire.

Olavkniven

Laga for hand på Voss

Det er dei røynde hendene til gullsmed Oddvar Fenne hjå Sylvsmidja som har filt inn rillene på kniven Nikolai står og kikkar på.

– Det er berre eg som gjer akkurat denne jobben, og alt gjer eg på frihand. Mal brukar eg aldri, seier den sindinge vossingen som har 45 års fartstid som gullsmed.

Bunadskniv er eit staselegt tilbehøyr til herrebunaden med sine holkar, beslag og graveringsfelt av sølv. Gullsmeden fortel at kniven i høgste grad kan brukast også.

– Ein bunadskniv er laga som ein brukskniv. Nett som ein kva som helst annan kniv ein kan kjøpa.

Oddvar Fenne,
gullsmed hjå Sylvsmidja

EKTE HANDVERK: Gullsmed Oddvar Fenne har jobba i 45 år hjå Sylvsmidja på Voss. Her filar han riller i knivbladet til den populære «Olakniven». – Alt vert gjort for hand, seier den erfarne gullsmeden. Foto: Schibsted Partnerstudio

Brør i bunad

– Då bunaden i gamle dagar var meir eit bruksplagg, var kniv ein del av standardutstyret. I dag er kniv eit flott tilbehøyr som mange synest det er stor stas å ha, seier Oddvar.

Etter at Nikolai bestemte seg for å få seg bunad, har fleire i vennegjengen hans fylgt etter. Men det stoppar ikkje der.

TIDLAUST GÅVETIPS: Ei flott 17. mai-sløyfe er også eit godt gåvetips. Sløyfa kan brukast igjen, år etter år.

Sløyfe1.png
Sløyfe2.png

– No har også veslebror min kunngjort at han vil samla sølvknappar. Du kan tru mormor er fornøgd, seier Nikolai og utdjupar:

– Ikkje nok med at det vert stas med to barnebarn i bunad; no har ho også ein genial gåveidé til han i mange år framover.

Treng du nye eller fleire knappar? Sylvsmidja har knappane du treng til din bunad. Knappekort finn du hjå dei fleste forhandlarar slik at det er endå enklare å samla.

Sjå korleis du kan gje lommeuret eit heilt personleg preg

Ingenting blenkjer meir enn det finaste bunadsølvet, men over tid vil sjølv den vakraste sølja trenga litt puss og stell. Det er ikkje mykje som skal til – her får du framgangsmåten.

BRUK KLUT: Ver forsiktig med bruk av ulike sølvrens. Mange av desse kan vera for sterke og fjerna både forgylling og glans.

Finn bunadsølv etter ditt distrikt

POPULÆRT: I overkant av 20 prosent av norske menn har eigen bunad og dette talet er aukande, ifylgje Store norske leksikon. Sylvsmidja opplever også ei auke i salet av herresølv, lommeur og knivar.

Stolte tradisjoner møter framtida med opne armar.

Blenkjande nyvinningar med historisk sus

Staselege sølvskattar frå Sylvsmidja ber du stolt med deg heile livet, både med og utan bunad. Ekte handverk frå  Voss.



Les også:

Stolte tradisjoner møter framtida med opne armar

Les mer

Stolte tradisjonar møter framtida med opne armar

Sylvsmidja har i alle år lagt stor vekt på å fornya seg. No kan du sjølv designa di eiga sølje.



Stolte tradisjoner møter framtida med opne armar.

Med skreddarsaum tek ein vare på stolte tradisjonar

Hjå Sylvsmidja på Voss går gamle tradisjonar og nye løysingar hand i hand.



Til toppen

Produsert av Schibsted Partnerstudio for Sylvsmidja
Merk: Nikolai jobbar i Schibsted

Journalistene og redaksjonene i Schibsteds medier har ingen rolle i produksjonen og publiseringen av dette annonsørinnholdet.
Schibsted Partnerstudio
© 2024 Schibsted | Personvernerklæring og informasjonskapsler (cookies).